top of page

Verdien av lokalt handverk, samarbeid med Trevirkelaget snekkeri

Hei alle saman,


Eg er så heldig at eg har ein veldig flink møbelsnekkar i mitt lokalmiljø.

Sigurd Julius Konstad Haanæs driv Trevirkelaget Snekkeri på Sagberget utanfor Trondheim.

Han har sagt seg villig til å være med å lage mange av løysingane i min nye heim.


Det er noko spesielt med å trekke inn lokalt handverk i heimen, med ei rekkje fordelar som følgjer med:


Eg verdset lokalt handverk ikkje berre for det estetiske, men også for den betydninga det har for lokalsamfunnet.

Ved å støtte lokale handverkarar, bidreg ein til vekst i nærområdet og det skapar ei kjensle av fellesskap.


Bruken av lokale ressursar og materialar er viktige faktorar for å byggje og bu meir bærekraftig.

Eg ynskjer å redusere karbonavtrykket og støtte lokal treverksproduksjon, noko som gjev ein positiv innverknad på miljøet.


Eit av dei mest spennande aspekta ved å samarbeide med ein lokal møbelsnekkar er moglegheitene for å sjå arbeidet tett. Å sjå korleis et møbel blir tilverka, er ein lærerik og interessant prosess. Eg kan også sikre at kvar detalj samsvarar med mine visjonar og behov, noko som resulterar i møblar av høg og varig kvalitet. Å kunne nytte det materialet eg ynskjer sjølv, er også ein viktig grunn til at eg velger å bruke ein møbelsnekkar.


Skreddarsydde løysingar er ein nøkkelkomponent i prosessen med å skape ein velfungerande heim på færre kvadrat. Ved å tilpasse kvar del til mine spesifikke krav, skapar eg funksjonelle og estetisk tiltalande møblar som passar perfekt inn i mitt daglege liv. Eg er ingen møbeldesigner, men ved å nytte meg av gode inspirasjonbileter, kjem eg langt i eit møte med ein erfaren møbelsnekker. I samarbeid med handverkeren utvikles gode løysinger og møblar frå idè til ferdig produkt!


På denne reisa håpar eg å kunne inspirere andre til å nytte gode lokale handverkarar og gode materialar i jakta på å skape gode og varige interiør av høg kvalitet!



Med varme helsingar,

Hege Magreth


Alle bileta er fotografert av Ann Siri Stokkli / @stokklifotografi


Mykje å velge i av materialar og behandlinger

Spennande prosess fra idè til ferdig produkt
Unike materialar og løysinger. Foto Ann Siri Stokkli / Stokklifotografi

The value of Local Craftmanship


Hello everyone,


Planning my project, the idea of collaborating with local furniture carpenters stands out. There's something special about incorporating local craftsmanship into the home, with a range of benefits that come along:


I value local craftsmanship not just for its aesthetics, but also for the significance it holds for the community. By supporting local artisans, I contribute to the growth of the neighborhood and create a sense of togetherness.


The use of local resources and materials is part of my commitment to sustainable practices. I aim to reduce the carbon footprint and support local wood-sourcing systems, which have a positive impact on the environment.


One of the most gratifying aspects of working with local carpenters is the opportunity to witness their work up close. I can ensure that every detail aligns with my visions and needs, resulting in high-quality furniture with timeless elegance.


Customized solutions are a key component of the process. By tailoring each piece to my specific requirements, I create functional and aesthetically pleasing furniture that seamlessly integrates into my daily life. With warm greetings, Hege Magreth


All photos by Ann Siri Stokkli / @stokklifotografi

50 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle
bottom of page