top of page

Eit mindre hus, eit større liv

Oppdatert: 20. sep. 2023

Hei alle saman,


Lenge har eg tenkt på det. Tanken om at huset mitt er for stort, at det på mange måtar eig meg meir enn eg eig det. Dei siste åra har noko blitt meir og meir tydeleg for meg. Det å ha eit større hus krev store ressursar - ressursar i form av tid, arbeid, og pengar. Dette er ressursar som kunne vore brukt på noko meir meningsfullt.


Det er eit stort skifte i tankesettet. Å forstå at det å eige mindre faktisk gir ein friheit som er uvurderleg. Det gir rom for meir tid til familie, til hobbyar, til å utforske verda og ikkje minst til å hente den energien som er så nødvendig i kvardagen.


Men her står eg, med spørsmålet: Kva skal ein velge, og korleis skal ein gå fram? Det er eit hav av valg, og sjølv med min bakgrunn som interiørdesigner, føler eg iblant at dette er eit uoverkommelig prosjekt. Særleg som einsleg.


Men eg kan ikkje la det stoppe meg. Tanken om eit enklare liv er for sterkt for å bli ignorert. Difor har eg tatt steget og oppretta denne bloggen. Delvis for å forplikte meg sjølv til mine eigne draumar, men også for å inspirere andre som har gått med dei same tankane. Eg er sikker på at eg ikkje er aleine.


Her vil eg dele mine refleksjonar, mine oppdagingar, og kanskje viktigast av alt, mi reise mot eit mindre, meir fritt liv. Eg vil inspirere, gje råd, og dele mine erfaringar i håp om at vi kan støtte kvarandre på denne spennande stien.


Takk for at du er her, og velkommen til “Byggjeogbu” - der draumar om eit enklare liv blir til verkelighet.


Med varme helsingar,

Hege Magreth




A smaller house, a bigger life


Hello everyone, I have thought about it for a long time. The idea that my house is too big, that in many ways it owns me more than I own it. In recent years, something has become more and more clear to me. Having a larger house requires large resources - resources in the form of time, work and money. These are resources that could be used for something more meaningful. There is a big shift in mindset. To understand that owning less actually gives a freedom that is priceless. It leaves room for more time for family, for hobbies, for exploring the world and not least for retrieving the energy that is so necessary in everyday life. But here I am, with the question: What should one choose, and how should one proceed? There is a sea of ​​choices, and even with my background as an interior designer, I sometimes feel that this is an unaffordable project. Especially as a single person. But I can't let that stop me. The idea of ​​a simpler life is too strong to be ignored. That is why I have taken the step and created this blog. Partly to commit myself to my own dreams, but also to inspire others who have gone with the same thoughts. I'm sure I'm not alone. Here I want to share my reflections, my discoveries, and perhaps most importantly, my journey towards a smaller, more free life. I want to inspire, give advice and share my experiences in the hope that we can support each other on this exciting path. Thank you for being here, and welcome to "Byggjeogbu" - where dreams of a simpler life come true. With warm greetings, Hege Magreth

Siste innlegg

Se alle
bottom of page