top of page
Forfatterens bildehegeaabelvold

Besøk på tomta!


Mellom hytter og hus



Mellom furutre og lyng, med ein bergknaus som bakvegg, der skal huset stå! Med utsikt til vatnet nedafor med sine små øyer og viker. I eit ingenmannsland mellom hus og hytter. Er det ei hytte eller hus eg held på å skal byggje meg? Det er eit hus ja, men i dagens samfunn, på størrelse med ei lita hytte. Og det er nettopp det, kvifor byggjer vi så store hus? Mi erfaring frå å ha budd i eit relativt romsleg hus, med fire soverom og to stover, var at vi hadde meir plass enn vi hadde behov for. Når vi kom på hytta på 80 m2 derimot føltes alt meir passeleg og overkommelig ut. Vi hadde rom til å være saman, og rom til å trekke oss tilbake i. Så det å no skulle bu på 100 m2 tenkjer eg skal bli veldig fint!



Å trakke forsiktig


Heldigvis er det mange fine furutre på tomta, dei skal eg bevare så mange eg kan av. Både fordi dei vernar hus og uteområde frå vind og vèr, men også fordi desse trea er heimen til både fuglar, ekorn og insekt. Her er det eg som er gjesten, så her skal eg trakke forsiktig.



Eg ynskjer difor å bevare naturen på tomta i størst mogeleg grad. Eg ynskjer også å gjenetablere lyng og vekstar som naturleg høyrer heime her, samstundes som eg vil sørge for at området ikkje gror igjen av småkratt og småskog. Utsikt til vatnet nedafor tomta består av glipper mellom trea, og det er fint, noko panoramautsikt treng eg ikkje. Det er dessutan noko veldig fint med nærsikt, altså det å sjå noko på nærare hald. Kombinasjonen av utsikt og nærsikt, er noko av det som, for meg, gjer denne tomta ekstra spennande og interessant.



Grunnarbeid


Her skal det graves minst mulig, og tomta skal være minst mulig berørt av at det kjem eit hus her. Difor blir huset satt på pilarer. Her er det mange ulike metodar å velgje i, den endelege løysinga er difor ikkje bestemt enno. Her er det viktig for meg å gjere det riktig, samstundes som at eg likar å utfordre etablerte måtar å gjere ting på. Hytta mi står på pilarer, så det er eg kjend med, men det er nok mindre vanleg å sjå når det kjem til husbygging. Eg gler meg til å vise fram prosessen med grunnarbeidet, noko som skal bli lærerikt og spennande!



Ventetid


Det er mange ting som ikkje er på plass enno, så i ventetida er det fint å kunne ta seg ein tur på besøk på tomta, berre sitte der og skrive ned idèer og tankar.




Takk for at du fylgjer meg på denne reisa! :)



Helsing Hege




Dokumentasjon og foto / Så godt fortalt

55 visninger1 kommentar

Siste innlegg

Se alle

1 Comment


ninaenv
Sep 19

Gleder meg til å følge med på reisen 🍁

Like
bottom of page