top of page
Forfatterens bildehegeaabelvold

Å følgje draumen - steg for steg i uvisse

Hei alle saman,


Når eg tek på meg oppgåva å følgje min eigen husdraum, er det som å leggje ut i ein ukjend jungel og ein kan bli heilt overvelda av mindre. Men denne gongen har eg bestemt meg for at prosessen skal være annleis.

I denne prosessen skal eg følgje hjartet og bruke intuisjonen som kompass. Eg har ikkje laga noko detaljert kart, berre ein draum og viljen til å følgje den.


Det er ei spennande reise, å gå etter noko utan å analysere alt til minste detalj. Eg har tru på at det som er rett for meg, vil finne meg, så lenge eg følgjer den gode kjensla i magen.


Korleis huset skal sjå ut, kven eg skal samarbeide med, når alt skal skje - det er ikkje planlagt. Eg har inga detaljert tidslinje å halde meg til. Og veit de kva? Det er både fint og fritt.

Eg lærer å setje pris på fridomen i å følgje min eigen veg utan å overanalysere.


Ei av dei største gledene ved å sleppe kontrollen er at det gjev rom for at ting kan bli enda betre enn ein har sett for seg. Eg har trua på at finst så mange flinke menneske og gode løysingar der ute, som eg enno ikkje har oppdaga.



Men, korleis trekk eg til meg dei rette menneska og løysingane?


Eg trur eg må tørre å vise kven eg er og kva eg står for. Det er enklare sagt enn gjort.

Kva om det eg meiner og den eg er, ikkje er bra nok? Det å ynskje å være nyskapande og inspirerande er eit skummelt ynskje.

Eg kjenner på frykta for å bli dømt, for at andre skal ha ei meining om det eg gjer. At eg viser at eg ikkje veit kva eg held på med.


Å opprette denne bloggen har vore eit viktig steg for meg, for å overkomme frykta for å synast.

Eg har innsett at det alltid vil være dei som ikkje forstår visjonen min eller som kanskje til og med er skeptiske. Men eg har også innsett at det er dei der ute som trur på meg, som støttar meg, og som ser verdien i det eg prøvar å skape.

Eg trur at eg ved å tørre å dele kven eg er og kva eg står for, så vil eg tiltrekke meg dei rette løysningane og menneska, akkurat når tida er inne.

Og eg skal være klar til å kaste meg uti det med opne armar når moglegheitene dukkar opp!


Så då er det berre å ta seg ein kopp te medan ein fortsett reisa, trutt og steg for steg, utan å vite kva som ventar rundt neste sving. Og det er akkurat slik det skal vere – spennande, fint og fullt av moglegheiter.



Med varme helsingar,

Hege Magreth




Following the dream - step by step in uncertainty


Hello everyone, When I take on the task of following my own house dream, it's like setting out in an unknown jungle and you can be completely overwhelmed by less. But this time I have decided that the process will be different. In this process, I will follow my heart and use my intuition as a compass. I have not made a detailed map, just a dream and the will to follow it. It is an exciting journey, going after something without analyzing everything down to the last detail. I have faith that what is right for me will find me, as long as I follow the good feeling in my gut. What the house will look like, who I will work with, when everything will happen - it is not planned. I don't have a detailed timeline to stick to. And do they know what? It is both nice and free. I am learning to appreciate the freedom to follow my own path without overanalyzing. One of the greatest joys in letting go of control is that it leaves room for things to be even better than you have imagined. I have faith that there are so many good people and good solutions out there, which I have not yet discovered. But how do I attract the right people and solutions? I think I must dare to show who I am and what I stand for. It is easier said than done. What if what I mean and who I am is not good enough? The wish to be innovative and inspiring is a scary wish. I feel the fear of being judged, for others to have an opinion about what I do. That I show that I don't know what I'm doing. Creating this blog has been an important step for me, to overcome the fear of being seen. I have realized that there will always be those who do not understand my vision or who are perhaps even skeptical. But I have also realized that there are those out there who believe in me, who support me, and who see the value in what I am trying to create. I believe that by daring to share who I am and what I stand for, I will attract the right solutions and people, just when the time is right. And I will be ready to throw myself into it with open arms when the opportunities arise! So then it's just a matter of having a cup of tea while continuing to travel, step by step, without knowing what awaits around the next bend. And that is exactly how it should be – exciting, beautiful and full of possibilities. With warm greetings, Hege Magreth



78 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle

Comments


bottom of page